02.09.2010

Nytt volley-par tok NM-gull

Ingrid Tørlen har funne tonen med ny makker (Foto: Hansen,  Alf Ove/SCANPIX)

I SLAGET: Dårleg kjemi og svake restultat var årsaka til at Ingrid Tørlen og Janne Kongshavn braut som makkerar. Med ny makker gjekk Tørlen til topps i årets sandvolley-NM i BØ. Arkivbilete.

Foto: Hansen, Alf Ove/SCANPIX

Ingrid Tørlen har funne tonen med sin nye sandvolley-makker Vilde Solvoll. I dagens NM-finale stakk den nybakte duoen av med gullet.

Det nye sandvolleyballparet Vilde Solvoll og Ingrid Tørlen har funne kjemien. I helga deltok dei saman for første gong i eit NM, og gjekk heilt til topps i meisterskapet, som blei skipa til som ein del av Sandvolleyfest i Bø i Telemark.

– Det er helit uverkeleg. Eg begynner nesten å grine, og det er det lenge sidan eg har gjort i ein NM-finale, sa ei svært rørt Tørlen rett etter finalesigeren på søndag.

– Klarte det umoglege

Tørlen og Solvoll vann 2-0 i sett mot sin tidlegare partnar Janne Kongshavn som spelte saman med Ragnhild Aas.

– Tenk at me låg under 17-11 i første sett. Det skal vera umogleg å ta igjen. Likevel klarte vi det, la Tørlen til.

Ålesundsjenta tok med det sitt sjette NM-gull i sandvolleyball. 19år gamle Solvoll kunne smile over sitt første seniorgull.

Skilte lag

Tørlen skilte lag med sin førre makker Janne Kongshavn etter Grand Slam turneringa i Stavanger i slutten av juni i år. Haltande kjemi og dårlege resultater var årsaka til at duoen valgte å gå kvar sin veg.

No ser det ut til at Tørlen har funne tonen med sin nye makker Solvoll. Dei to stakk også av med sigeren på kvinnesida i Norway Tour i Kragerø tidlegare denne veka.

Horrem og Hordvik til topps

Iver Horrem og Øivind Hordvik tok den gjevaste NM-medaljen på herresida etter 2-1 i sett mot Tarjei Skarlund og Martin Spinnangr.

Det blei ein svært jamn kamp der begge lag hadde fleire matchballar kvar. Horrem og Hordvik tok til slutt ein knepen siger med 18-16 i tredje sett.

– I dag hadde vi det lille ekstra. Når ein kjenner kvarandre så godt som vi gjer, blir det mykje presisjon og ære, og då er det ekstra deilig å vinne, sa ein lykkeleg Horrem etter finalen.

Tok sitt første NM-gull

Ifølgje makker Hordvik hadde dei to bestemt seg på førehand for å gje alt i dagens NM-finale.

– Vi klarte å gjennomføre det og då blei det gull, smiler han.

I likheit med Solvoll var også Hordvik øvst på pallen for første gong i eit NM.

Rita Eritsland og Cindy Treland stakk av med bronsen på kvinnesida. Tredjeplassen på herresida gjekk til veteranane Vegard Høidalen og Jørre Kjemperud.




Siste Friidrett

Siste: Sport